Maskinar og utleige

Me har utstyr som taklar dei fleste utfordringane innan bygg og anlegg. Me har fleire gravemaskinar og anleggsmaskinar, lastebilar og traktorer, hengarar både til traktor og bil, snøscooter og diverse bygg- og tømrarutstyr. I tillegg har med eit stort lager med diverse stillas til eige bruk og til utleige.

Anleggsmaskiner

Byggutstyr

Annet

  • Maskiner

    Me leiger ut ein del av utstyret me disponerer, og her finn du ein oversikt. Ta gjerne kontakt om du treng noko som ikkje er lista opp her, så hjelper me deg så langt som råd er.

    I tillegg til utstyret på desse sidene har me også ymse snikkarverktøy som kan leigast ut, slik som gjerdesager, el. handverktøy, kompressorar, spikarpistolar m.m.

  • Stillas

    Me er størst i Voss på utleige av stillas. Ca. 5000 kvadratmeter. Stillaset er av typen Alutec; lett i vekt og lett å montera. Gunstig til allslags fasade- og takutbetringar. Utleige til både bedrifter og privatpersonar.

    • Veleigna for store og små fasadar.

    • Gode tilpasningsmoglegheiter.

    • Rullestillas og stigeheis.

  • Gode løysingar

    Har du eit prosjekt som krev ekstra tilretteleggjing eller innsats?

    Me har moglegheit for å ta på oss krevande arbeid som hus, hytter og støler med dårlig veiforbindelse, hastejobber eller andre krevende oppdrag. Med dyktige arbeidarar og gode samarbeidspartnarar får me jobben gjort!